Sørnett

Byr opp til dans

Dansarar frå bondeungdomslaget i Kristiansand. Foto: Christine Wergeland

Dansarar frå bondeungdomslaget i Kristiansand. Foto: Christine Wergeland

Smila breier seg over spente fjes og takta trampast på Straitunet Omsorgssenter. Kulturrullatoren er på farta att.

Publisert:

- Det er veldig populært, og dei set stor pris på det, fortel ei av dei tilsette.

Torsdag tok BUL, Kristiansands bondeungdomslag seg ein tur på Straitunet omsorgssenter i regi av kulturrullatoren. Det er tid for leikarring. Damene er pent kledde i lange skjørt og bluser, og herrane i skjorte og dressbukse. Marit Nordlid fortel at det er fyrste gongen dei ikkje stillar i bunad.

- Som regel er vi seks par, alle kledd i bunad. Dette er fyrste gongen vi ikkje har dei på, og vi er spente på kva slags reaksjonar vi vil få frå publikum, seier Nordlid som har vore med på leikarringen sida 1969.

Dei startar opp med ein gamal kjenning, og dansar til stor glede frå publikum. Dei muntre tonane frå trekkspelet får gjenlyd i lokalet, og stemninga er god og varm. Det er omkring 30 personer som har møtt opp, og det er tydeleg at dette er noko dei eldre synast godt om. Dei syng med på kjente songar til stor glede for Wenche Eikeland på trekkspel.

[img53699_2LM]

- Eg har spela med bondeungdomslaget sidan byrjinga av 90-talet, og i fleire andre samanhengar, fortel Eikeland.

Av hjartens lyst

Etter eit par dansar er det tid for å syngje litt, til stor glede frå publikum som får utdelt hefter med tekster. Dei blar opp på dei annonsera sidane. «De nære ting» og «Blåveispike» er blant songane som syngjast, men «La oss leve» er ein klar favoritt torsdag kveld. Dei fleste kjennar teksten godt, og synger av hjartens lyst.

BUL fortel at det ligg mykje øving bak arrangementet. Dei har ikkje hatt mange nykommarar dei siste åra, men det håpar Marit Nordlid å få snudd på allereie denne veka. Tysdag er det klart for nybyrjarkurs i BUL-salen klokka 19.00.

- Det blir fyrste gong på 15 år vi arrangerer det. Då håpar vi på nye danseglade tilskott i leikarringen, smiler Nordlid.

[sniplet faktaboks]

Det nærmar seg slutten, og leikarringen byr opp til dans. Fleire av dei eldre er ivrig etter å riste på dansefoten, og er ikkje seine med å innfinne seg dansegolvet til fengande og glade tonar frå Eikelands trekkspel. Det har vore ein vellykka kveld på Straitunet, og det er på tide å pakke saman.

- Vi er her 2-3 gonger i året, og det er alltid mange som tek turen. På 17. mai er vi alltid på Straitunet, fortel Nordlid.