Tips oss:
Tips
38 14 51 30
Kontakt
Kristina Andersen møtte lesarane sine på "Jentefokus". FOTO: Eirin Aadland Haga
Med fleire tusen følgjarar kvar dag er Kristina Andersen ein av dei største bloggarane i Noreg.
Olin Maria Yri
Publisert: 30.01.2013 kl 15:03
Sørlendingen Kristina Andersen (22) er ein av dei største bloggarane i Noreg, med 30 000 lesarar. Ho starta å blogge då ho var 18 år. Då ho starta opp var bloggen med på å hjelpe ho gjennom ei vanskeleg periode i livet hennar. «Slik er det å vere bloggar», fortel Andersen til jentene på «Jentefokus». Ho legg til at sjølv om ho deler mykje av livet sitt på bloggen, er det sider og nedturar ho vel å ikkje dele.
Engasjert i menneske
Kristina Andersen fortel at ho synest det blir feil å gi henne merkelappen som rosabloggar. Årsaka er at ho har opplevd og blogga om mykje forskjelleg dei siste åra. I 2012 reiste ho til Afrika for å finansiere skulegang til 8000 jenter. Dette forandra henne som person. Andersen legg ikkje skjul på at ho er veldig engasjert i menneske, og glad i å hjelpe til. Sist jul var ho med Frelsesarmeen for å strekke ut ei hand til dei som ikkje har det så bra.
- Det er mange som berre er opptatt av gåver i jula, og som kanskje gløymer dei som ikkje har det bra. Eg har eit stort ynskje om å hjelpe andre menneske, og derfor vil eg vere med også neste år.
Lever av bloggen Andersen lever i dag av bloggen. Dei to siste åra har ho starta to AS-selskap og oppretta nettbutikken «Getsporty». Ho fortel at ho drøymer om at bloggen skal bli enda større, og nå ut til fleire folk. Ho avslører at ho håper å starte opp to nettbutikkar til i løpet av 2013, utan å ville gå inn på fleire detaljar. Fleire og fleire bloggarar opprettar nettbutikkar. Ulrikke Lund var først ute med nettbutikken «Fashionlove», og etter det tok det heilt av. Caroline Berg Eriksen, Anette haga og Lene Orvik er berre nokre få av bloggarane som har oppretta butikk på nett.
16. februar har Kristina Andersen og Marthe Borge, som også er ein bloggar, klessal. Det heile skal foregå på SalongXtend, der dei to bloggarane sel heile garderoba svært billeg. Andersen fortel at dei har fått inspirasjon frå andre bloggarar som har gjort det same.
Toppbloggarar som førebilete Toppbloggarane er store førebilete og inspirasjonskjelder for mange unge jenter. Det ligg mykje makt i å kunne påverke andre i så stor grad. Andersen fortel at etter kvart som ho har blitt eldre, er det lettare å vere eit godt forbilde.
- Eg var berre 18 år då eg starta å blogge. På den tida var det store forventningar til at eg skulle oppføre meg eksemplarisk. Det gjorde eg vel kanskje ikkje, sidan eg var ute på ein del festar. No som eg er eldre, prøver eg å gjere gode val. Det kan vere vanskeleg til tider, å måtte dele opp og nedturar, spesielt når mange alltid skal meine noko om det.
Kosthald og trening Andersen er lidenskapeleg opptatt av trening, og meiner det er betre å oppmuntre til trening enn for eksempel til rus. Ho fortel at forholdet til kosthald og trening er meir normalt i dag, enn då ho var 18-19 år
- Eg er berre ei vanleg jente, med menneskelege feil. Eg er ikkje redd for å vise det. Det er viktig å ikkje la seg påverke! Å vere glad i seg sjølv, og ikkje heile tida streve for å vere som alle andre er veldig viktig, seier ho.
Jantelova har skylda - Du skal ikkje tru du er noko, siterer toppbloggaren jantelova.
Jantelova står sterkt i Noreg og i blogguniverset. Bloggarane får kommentarar gjennomsyra av sjalusi og hat slengt mot seg. Kristina Andersen kan fortelje at det kan vere tøft til tider.
- Det er ein del tøffe kommentarar i kommentarfeltet. Då eg var yngre, var det veldig rart. No er det greitt. Eg veit at folk har ulike meiningar om meg. Det er dette livet eg har valt, og då må eg godta det, avsluttar bloggaren.
JEJUNE med rykende fersk debutskive: