Gospelfest på Flekkerøya

Den svenske gospel- og soulartisten Samuel Ljungblahd er ein av hovudartistane på Øygospel til helga. Pressefoto.
Øygospel feirer i år tiårsjubileum. Mellom tre og fire tusen ungdommar vil komme innom festivalen førstkomande helg.
Publisert: 16.05.2011 kl 15:55
- I år kjem blant andre den svenske gospelsongaren Samuel Ljungblad og Paul Colman frå Australia, fortel presseansvarleg Henrik Kristoffersen.
Han legg til at det også vert ein headliner for dei minste, nemlig to populære systre frå Grimstad, Emeline og Sunniva.
Stor festival på lita øy
Festivalen er ein av dei største i Kristiansand for den yngre garde.
- Det vert stort sett ungdomskonsertar, men dei vaksne er jo også sjølvsagt velkomne, seier Kristoffersen.
Det er no det tiande året denne festivalen vert arrangert.
- Dette skal vi markere med ei stor opning på fredagen. Då skal vi invitere diverse tidlegare arrangørar, fortel Kristoffersen.
Hallsang og bibelsmugling
Festivalen foregår i Flekkerøy idrettshall, og byrjar med “hallsang” førstkomande torsdag.
- "Hallsang" betyr altså allsang i hall. Her vert det møte med kor og songrupper i forskjellige aldersgrupper. Alt ifrå ulike barnekor til dei litt eldre “Flekkerøygutta” skal på scena, røper Kristoffersen.
Men det vil også foregå ulike andre aktivitetar på dagtid.
- På laurdag blir det “øygospel kick". Vi samarbeidar med Opne dører, som blant anna smuglar bibel til land der det eigentleg er ulovleg å ha det. Vi skal ha fiktiv bibelsmugling der ungdomane må gjennom hinderløyper, og spele at dei er med på bibelsmugling, fortel Kristoffersen.
Frivillig innsats
Alt drivast av frivillige krefter, og Kristoffersen skryt av innsatsviljen blant øyfolket.
- Vi får god hjelp frå opp mot 200 frivillige medarbeidarar. Alle i styret jobbar ulønna. Den frivillige innsatsen på Flekkerøya er utrulig bra, seier han.
To år tilbake hadde dei eit tungt år økonomisk, men fekk ein oppsving etter god hjelp frå lokale krefter. Festivalen er no på beina igjen.
- Vi er godt nøgde om vi går i null. Det viktigaste for oss er å gi dei unge ei god oppleving, avsluttar festivalmedarbeidaren.
Magasin Vis flere
Forskere bak ny studie beregner 170 billioner plastpartikler ut i verdenshavene. I Norge slippes det 19 000 tonn med mikroplast ut fra norske kilder på land hvert år. Med mikroplast som en global forurensning finnes det heldigvis flere som kjemper mot marin forsøpling i Norge.
Nyheter Vis flere
Forskere bak ny studie beregner 170 billioner plastpartikler ut i verdenshavene. I Norge slippes det 19 000 tonn med mikroplast ut fra norske kilder på land hvert år. Med mikroplast som en global forurensning finnes det heldigvis flere som kjemper mot marin forsøpling i Norge.