Klargjør siden...
Sørnett

Bustadslause "Jakob" fortvilar:

Nattheimen i Kristiansand held stengt halve døgnet

- Skulle gjerne ha vore der meir

Nattheimen i Kristiansand held stengt mellom klokka 08.00 og 20.00. I mellomtida må bustadslause som "Jakob" 
finne andre stadar å være.
 Foto: Madeleine Hamn

Nattheimen i Kristiansand held stengt mellom klokka 08.00 og 20.00. I mellomtida må bustadslause som "Jakob"
finne andre stadar å være. Foto: Madeleine Hamn

Kvar kveld er "Jakob" innom Blå kors sin nattheim i Kristiansand for å få ei seng å sove i. Når dørene stenger neste morgon, venter det elleve timar ute på gata til senteret opnar igjen.

Publisert:

Sist oppdatert: 12.05.2025 kl 14:26

- Det kan bli litt lange dagar.

Det seier «Jakob», som i denne saka har bedt om å bli anonymisert. Sørnett kjenner til identiteta hans.

Han har stått på venteliste til kommunal bustad i snart eitt år. Kvar morgon må han stå i kø utanfor NAV-bygget i Kristiansand, for å skaffe seg ein midlertidig bustad.

Første mann til mølla

- Du må helst være der før ti om morgonen, ellers kan du risikere å ikkje få plass. Det er første mann til mølla.
Dei som ikkje får tildelt ein bustad den dagen, må i verste fall sove utandørs.

NAV bygget i Kristiansand.
 Foto: Madeleine Hamn

NAV bygget i Kristiansand. Foto: Madeleine Hamn

I kø

I Kristiansand finns det 38 nødbustadar, der seks av plassane er nattheimar. 14 av desse bustadane er plassert på Nodeneset, andre er spreidd rundt om i kommunen.

Sørnett har snakka med leiar for NAV Agder Heidi Døsvik og spurt kor mange som må står på venteliste. Dette svarar ho:

Leiar i NAV Agder: Heidy Døsvik.
 Foto: Amalie Andersen/avisa KRS

Leiar i NAV Agder: Heidy Døsvik. Foto: Amalie Andersen/avisa KRS

- Kor mange er det som må står på venteliste?

- I underkant av hundre personar står på venteliste for kommunal eigna bustad.

Kor mange av desse får nødbustad?

- Det er veldig variabelt. Stort sett er alle plassane vi har til rådigheit fulle.
Antall personar som har behov for dette tilbodet kan variere frå dag til dag.
Det blir gjort individuelle vurderingar, og vi forsøker å finne løysingar for dei som treng akutt hjelp.

Bustadsløyse må melde seg hos NAV kvar morgon 
for å få utdelt ein midlertidig bustad





 Foto: Madeleine Hamn

Bustadsløyse må melde seg hos NAV kvar morgon
for å få utdelt ein midlertidig bustad

Foto: Madeleine Hamn

Lang ventetid

"Jakob" er ein av dei «heldige» som har fått periodar med "fritak" frå å møte opp i køa. Han har i tillegg fått fast rom på nattheimen i Kristiansand.

Men rommet får han ikkje før dørene opnar klokka 20.00 om kvelden.

- Kva gjer du for å få tida til å gå?

- Eg besøker kameratar av meg, eller heng på Blå kors gatenært.

I følgje nettsida til Blå kors, er gatenært eit lågterskeltilbod for menneske med rusutfordringar, og for bustadslause. Her kan dei som kjem innom få gratis mat og drikke, samt ta del i sosiale fellesskap og aktivietar.

Blå kors gatenært i Kristiansand.
 Foto: Madeleine Hamn

Blå kors gatenært i Kristiansand. Foto: Madeleine Hamn

Senteret stenger i 16-tida som betyr at "Jakob" må få tida til å gå på andre måtar.

Han merkar at ventetida er krevjande.

- Spesielt vanskeleg er det når ein ikkje veit kor ein skal gjere av seg.

Kun soveplass

Når han endeleg kjem på nattheimen er det ikkje mykje anna han får gjort enn å få sove.

Eg legg meg jo med ein gong senteret opnar så då rekk eg ikkje å tatt i bruk TV-stova f.eks.

Eit av fleire soverom på nattheimen 
som er klar for nye besøk.
 Foto: Madeleine Hamn

Eit av fleire soverom på nattheimen
som er klar for nye besøk. Foto: Madeleine Hamn

"Jakob" kjenner fleire som ikkje er like "heldig" som han.

- Eg kjenner jo folk som må sove ute i telt.

Ei stove som står klar til bruk
 Foto: Madeleine Hamn

Ei stove som står klar til bruk Foto: Madeleine Hamn

Ei natt under brua

Leiar for organisasjonen «Hjelp oss å hjelpe» er i dagleg kontakt med bustadslause som søv ute.

- Dei lånar ein sofa hos vener, søv i parkeringshus, teltar ute i skogen, eller søv under brua.

- Under brua?

- Ja, for dei som ikkje har dette tilbodet kan det fort bli ei natt under brua.

Fleire av dei som ikkje får nødbolig 
må tilbringe natta si under den gamle Lunds brua.
 Foto: Madeleine Hamn

Fleire av dei som ikkje får nødbolig
må tilbringe natta si under den gamle Lunds brua. Foto: Madeleine Hamn

- Det må jo være kjøleg?

- No på sommaren er det sånn «tåleg», men på vinterstid er det kaldare. Då får dei soveposar og liggeunderlag frå oss.

På somrane i byen, kjem det også fleire tilreisande. Derfor kan fleire bustadslause som bur utandørs oppleve å få tinga sine frastjålt, seier ho.

I dn kjølege og mørke tunellen under brua 
er det mange bustadslause som oppholder seg under.
 Foto: Madeleine Hamn

I dn kjølege og mørke tunellen under brua
er det mange bustadslause som oppholder seg under. Foto: Madeleine Hamn

- Dei som søv ute har jo blitt rana av andre, slått ned, og loppa for pengar. Mange har jo måtte låse fast tinga sine.

Eit attgløymd buksepar under Lundsbrua.
 Foto: Madeleine Hamn

Eit attgløymd buksepar under Lundsbrua. Foto: Madeleine Hamn

-Er det fleire av desse som har plass på nattheimen?

- Ja, det er det. Mange er nøgde med tilbodet, men det er fleire som klagar på at nattheimen opnar for seint. No opnar vel dørene klokka 20.00, om eg ikkje huskar feil. Kva gjer dei då, heilt frem til dørene opnar? Spør Thorsen.

Ut på dagen

Stig Rune Skaran fekk rolla som avdelingsleiar då nattheimen opna 16. desember i fjor. Nattheimen er drifta av Blå kors i Kristiansand og har to etasjar og fem soverom. Dei har også tilsett kvelds- og nattevaktar.

- Korleis fungerer nattheimen?

- Blå Kors nattheim gir kost og losji til dei som av ulike grunnar er bustadsløyse i Kristiansand. Dei søv her på natta, og må ut på morgonen.

Inngangen til nattheimen.
 Foto: Madeleine Hamn

Inngangen til nattheimen. Foto: Madeleine Hamn

- Så frå natt til natt?

- Ja. Nattheimen er ei kortvarig løysing for dei som treng ein plass å sove. Når dei vaknar om morgonen må dei ta av sengetøyet, før dei må ut igjen. Frukosten serverar vi på Gatenært sånn at dei har ein stad å være på dagtid.

Korleis får dei plass her?

-Dei må innom NAV kvar dag, for å få plass. Det er NAV som tildeler plassane, og vi som driftar.

Livet utanfor.
 Foto: Madeleine Hamn

Livet utanfor. Foto: Madeleine Hamn

Todelt

Når Sørnett stiller spørsmål om kva Skaran syntes om opningstida er svaret todelt.

- Vi har jo blitt bedt om å være ein nattheim og har søkt om å være det, så midlane rekk til det. No når det er vår og sommar, kjem ikkje folk før i 23.00-00.00 tida likevel. Så sånn sett er eg nøgd med åpningstida.

-Samtidig forstår eg at dei som kjem hit hadde hatt godt av å ha lengre opningstid. Dei står i krevjande livssitausjoner, men på nattheimen kan dei sove trygt og godt.

Dags-og kveldsplan på nattheimen.
 Foto: Madeleine Hamn

Dags-og kveldsplan på nattheimen. Foto: Madeleine Hamn

Tryggleik

Det samme gjeld for "Jakob"

- På nattheimen kjenner eg meg trygg og godt ivaretatt. Men eg skule gjerne hatt moglegheit til å være der meir. Utan nattheimen, har eg ingen plass å være.

"Jakob" ser mot på bustadane. Ein dag håpar han å få ein varig stad å bu.
 Foto: Madeleine Hamn

"Jakob" ser mot på bustadane. Ein dag håpar han å få ein varig stad å bu. Foto: Madeleine Hamn

Nøkkelord

Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.

#BlåkorsVis flere

#HjelpossåhjelpeVis flere

#FattigdomVis flere