Sørnett

Mitt! Ditt! Dele?

I helga kan born i ett- til firårsaldaren sjå teater spesialegna for deira aldersgruppe. Det er sjeldan nokon har eit slikt kulturtilbod for dei yngste i Kristiansand.

Publisert:

Arnfinn Austlid og Gaute Næsheim kjem i frå Oslo for å spele teater for små born i Kristiansand. I helga har dei framsyning av stykket "Mitt! Ditt! Dele?" på Agder teater.

Vanskeleg Målgruppe

- Born under tre år kan ikkje forstå ein historie på same måten som vaksne gjer, fortel skodespelar Gaute Næsheim. - Det er ikkje noko skilje mellom scena og den virkelege verda når dei er så små.

Teater for denne aldersgruppen er noko mange skodespelare tykjer er det vanskelegste innen teaterkunst. Næsheim og Austlid trur at dette kan vere ein av grunnane til at det blir satt opp svært lite teaterstykkar for barn under fire år.

Spontant

Næsheim fortel om dynamikken mellom han som skodespelar og borna som publikum.
- Dei har spontane reaksjonar, og man merker med ein gong kva som er bra eller dårleg, seier han.
- Men det er det som er så spanande med eit slikt publikum.

Viktig bodskap

Sjølv om borneteater for dei minste er uvanleg, trur skodespelarne at det er ein viktig jobb dei gjer.

- Nokon born introduserar vi nye temaer for, som for eksempel empati. Vi tar òg opp temaer som dei har vore borti før. Som det å dele, og å vere lei seg når man ikkje får det som ein vil, fortel Austlid.

- Men vi må vere litt varsame når det gjeld å vere for trist, vi vil ikkje at borna skal byrje å gråte når dei ser på oss, smiler Næsheim.