Tips oss:
Tips
38 14 51 30
Kontakt
Auking i påmeldte til filmkonkurransen "Film i Sør".
Olin Maria Yri
Publisert: 14.05.2013 kl 10:00
Påmeldingsfristen for å sende inn bidrar til «Film i Sør» var fredag 10. mai. Dagleg leiar på Cinemateket, Janne Molberg, fortel at det er 24 filmar som er påmeldt, dette er ei auking på seks i forhold til i 2012.
- Mest sannsynleg er det halvparten av desse filmane som blir valt ut til å delta på Film i Sør. Det blir gjennomgang neste helg, og då plukkar vi ut deltakarane.
Ulike bidrag Det er kome inn mange bidrag frå studentar, blant anna frå filmstudentar på Universitetet i Agder, Filmverkstadet på Samsenskulturhus og Tangen Vidaregåandeskule. I tillegg til desse er det nokre enkeltståande filmskaparar, som har jobba med film i nokre år.
- Vi er veldig fornøgde med så mange bidrag. Det er mange ulike sjangarar, og det er positivt, seier Molberg.
Ikke alle får plass I år er det sendt inn lange bidrag til årets kortfilmkonkurranse. Dette påverkar talet på bidrag som kan delta i konkurransen, ettersom programmet har ei tidsgrense på 1 1/2 time.
- Vi har fått inn mange lange bidrag i år, og på grunn av tid vil det bli rundt halvparten, av dei 24 som er påmeldt, som får plass i konkurransen, seier Molberg.
På grunn av opphavsrettar, på musikk, er det også nokre få filmar som må takast ut.
Film i sør er ein uhøgtideleg kortfilmkonkurranse, for filminteresserte og filmskaparar på Sørlandet. Det er to prisar som skal delast ut. I fjor gjekk årets jurypris til «The Unbearable lightness of being Pacman» og årets publikumspris til «Eit annet spor på B-siden».
JEJUNE med rykende fersk debutskive: