Tips oss:
Tips
38 14 51 30
Kontakt
Her ser du (f.v.)skulpturen, kunstnaren Marit Krogh og modellane hennar, og vidare Pål Hennig-Olsen og ordførar Mathias Bernander. Foto: Jakob Muren Ulvund
Hennig-Olsen-statue satt opp mellom Nupen-parken og festningen på bestilling av Hennig-Olsens 100-årsjubileum.
Jakob Muren Ulvund
Publisert: 14.05.2024 kl 15:45
Sist oppdatert: 15.05.2024 kl 10:46
- Det er ein skulptur av to av barnebarna mine. Det er dei som har vore både modellane og inspirasjonen for skulpturen.
Dette fortel kunstnaren sjølv, Marit Krogh. Ho har brukt det siste året på prosessen med å skape skulpturen.
- Det var ein dag for fleire år sidan no. Eg såg eit av barnebarna mine ete den fyrste isen sin, og uttrykket var heilt nydeleg.
Leiaren for Hennig-Olsen fortel sjølv under avdukinga, at skulpturen var ei bestilling frå dei med grunnlag i 100-årsjubileet deira.
Kunsten er satt opp til å kunne sjå rett over til Festningen, og med ein voksande blomsterbusk rett bak seg Foto: Jakob Muren Ulvund
Oppmøtet var godt, med fleire journalistar tilstades og sjølvaste ordføraren hadde ein eigen liten tale før avdukinga. Det var omtrent hundre personer på avdukinga .
I tillegg var det fleire barnehager som var med under seremonien. Barna var nok mest opptatte av at dei fekk is på slutten. Lykkebrølet, som nærmast fekk lufta til å dirre i det barna innsåg at dei fekk is, fikk fleire til å trekke på smilebandet.
Ordføraren understreker viktigheita av Hennig-Olsen is som aktør i Kristiansand.
- Dette er ein viktig del av kulturen vår. Noko som kan bidra i næringslivet med verdiskaping og meir arbeidsplassar, men også på ein meir privat basis ved å gi god mat til folk, fortel ordføraren under avdukinga.
Sjølvaste ordføraren møtte prøve seg på å utnytte den nye kunsten som sitteplass(han var ikkje den einaste) Foto: Jakob Muren Ulvund
Is handlar ikkje kun om is altså. Hennig-
Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.