Sørnett

Måtte snu då masta knakk

EVENTYRAR: Markus Ingebretsen skulle segle jorda rundt, men måtte snu etter berre nokon månadar. FOTO: Hanne Kristin Pedersen

EVENTYRAR: Markus Ingebretsen skulle segle jorda rundt, men måtte snu etter berre nokon månadar. FOTO: Hanne Kristin Pedersen

Planen til Marcus Ingebretsen(18) om å segle jorda rundt fekk ein knekk då masta brast. Det har likevel ikkje stoppa eventyrlysta. No vil han krysse Canada og Alaska til fots.

Publisert:

- Nett no skulle eg vore på veg til  Kapp Verde-øyane, fortel den atten år gamle kristiansandaren. Planen gjekk ikkje heilt som han hadde sett føre seg.

Problemnatta

«Forsoker a styre mot land, men umulig. Har ikke styrekraft. Sender ut mayday og nodrakett. Jeg drev sydover, sydover mot ingen ting.»  - Utdrag frå Markus  sin blogg

- Eg hadde segla frå Kanariøyane til Marokko. Og på veg ut frå Marokko sa det “pang”. Forseglet var rulla inn, men det rauk ei line, slik at forseglet løsna. For mykje vind i dette seglet gjorde at det blei for mykje for masta, den knakk.

Ingebretsen fortel om natta då draumen om jordomsegling fekk ei ny vending.

Tilbake til Noreg


Ei ny mast ville ha kosta Ingebretsen cirka 30 000 kroner. Dette blei for dyrt for ein lavbudsjettsbåt og unggut. Førre tirsdag vendte han heim til Kristiansand. Den 3o fot lange Comfort-seglbåten frå 1977 måtte bli igjen i Las Palmas.

«Havnekontoret var ikke hyggelige mer en den første dagen(...)For meg som allerede var i en kjedelig situasjon, hjalp dette ikke veldig på humøret.» - Utdrag frå Markus sin blogg


 [youtube]http://www.youtube.com/watch?v=HJMN1U2YZks[/youtube]


- Det var utruleg merleg å fly tilbake til Noreg og høyre kapteinen på flyet sei kor vi fløy over. Merkeleg å bruke så få timar på noko eg hadde brukt fleire veker på å segle, tykkjer Ingebretsen.

Seglaren skulle eigentleg feire jul i Brasil i år, men no må han ta til takke med norske tradisjonar.
- Det er alltid koseleg å vere saman med familien, men eg skulle gjerne ha vore i Brasil, seier han.

Den nye Lars Monsen?

Trass den kjedelege vendinga på Ingebretsens eventyrferd, er han ikkje ved dårleg mot.

«Jeg er optimist, og lar ikke dette ta fra meg motet. Rett etter et etterord, er det tid for et forord.» - Frå Markus sitt oppsumerande blogginnlegg etter turen.

- Det beste med turen var å vere utpå havet, slappe av utan noko å uroe seg for, seier han med eit draumande blikk tilbake til dagane saman med seglbåten "ULKA".
- No må eg berre skaffe meg ein jobb, så skal eg jobbe etter jul før eg skal bruke eitt år på ein fotekspedisjon i Canada og Alaska.

Seinare har han lyst til å jobbe for å tene pengar til ein ny båt, for deretter å segle frå Sør-Amerika til Sydpolen.

 [youtube]http://www.youtube.com/watch?v=eKJXBEJE1gU[/youtube]